Mine matrielle svakheiter

Er det noken som kan gjette kva dette er?

Vel nr1: Neglelakk

Eg kan ikkje leve uten neglelakk! Eg elska det! Alle farga, hendene mine føles naken uten det! Kvar gang eg skal i butikken så kjøpe eg det. 

Nr2: Sko

Ingen overaskelse her, mange jenter har denne manien! Seriøst takk mamma for å la meg arve denne svakheten. Det er faktisk mamma sin feil. For ho er gal etter sko! Meir enn meg, men så igjen har ho sirka 20 års forsprang så eg kan no ta ho igjen. Skal eg telle kor mange sko eg har trur eg at eg blir flau. Maybe! Men har vertfall sko til kva som helst slags antrekk i det minste;)

Nr 3: Vesker

Enda ein ting eg skylda på mamma for. Eg trur eg har 1000 vekser. Heilt seriøst. Men det stoppa meg aldri. Hehe kan aldri bli for mange vesker. Skal prøve å ikkje kjøpe så alt for mange når eg skal til Usa no. Bare 28 dagar igjen! yeah!!

Nr 4: Kjolar

Kven kan no bli lei av eit plagg så fint? Det er bra å ha mange kjolar, det synast vertfall eg! Her og kan ein ikkje ha for få. I tilegg kan ein jo ikkje bruke same kjole på same festar, det blir for dumt.

Nr 5: DVD

OMG, ja er det noke eg har mykje av så er det DVDar. Grunnen til dette er? Eg likar å ha det. Det er noke eg samla på, seriar og filmar. Her har eg grise masse seriar og filmar i cover. Ikkje å sei kor mange eg har på hard disken. For å sei det sann eg har sett alt. 

Nr 6: Frilufts-ting

Vel ka kan ein sei. Eg har litt forskjellig her: våttdrakt, svømmeføtter, svømmebriller fra Australia, klatresko, klatreutstyr, telt, tennisrekkert, handball, fotball, sykkel, snowboard, slalåm, rollerblades, sparkesykkel, fjellsko ect. Ja det e jo kjekt å ha da.

Nr7: Solbriller

Ja nei rydda nettopp i arkivet og ja der fant eg plutseleg sirka 30 solbrille. Ups, ja trenger kanskje ikkje å kjøpe nye på ei stund? Heldigvis så er det i mange forskjellige fargar da! Flaks!

Ja det var vel dei eg fant i farten! 😉

Eit forsøk på baking

 

Vel da har eg forsøkt meg å bake på fridagen min. Heilt spontant kan man vel sei. Ikkje inspirert av Kanal5 i det heile tatt! Hmm.. Vel om du sen på Kanal5 så skjønna du kanskje koffor. Eller kanskje ikkje. 

Her er vertfall eit resultat av mine brownie og gulerot cupcakes! Eg vart vertfall fornøgd. Har ikkje smakt dei enda da men, tok vertfall ikkje salt istadenfor sukker:)

Her er vertfall beviset:Image

Feelings of the mind

I feel it

But I dont believe it

That this feeling is real

Is it a dream?

Illusion?

I guess it is

Never give up hope?

Believe in yourself

I have been burned before

It hurts

I can´t stand up strait

I just breath

and stand still

It´s my heart breaking

It feels like life is slowly going away

infront of my eyes

Time does not stay still

Just continues to move on

Just move on

Let go

Why is this so hard?

Meet someone else

Why bother?

There is no reason

Just give in

Find a soft place to land

Try not to crash

Thats what I have to do

………

Kva skal eg bli når eg blir stor?

Dette har alltid vore ein store greie. Kva skal ein bli når ein blir stor? Men når kan man deffinere at ein er blitt «stor»? I mange kulturar vert det sagt at ein blir stor når man konfirmera seg eller kanskje 18 års dagen. Vil det då seie at ein er vaksen? Eg fant ut at desse tegna er dei klaraste på at du er blitt vaksen:

1. Alle vennene dine er blitt kjedelige (Dette vil eg sei vil skje med alle på eit tidspunkt, vi alle forandra oss, får oss andre prioriteringar, nye kjærestar, reiser, nye bekjntskap, jobb, ja du veit det vanlige – spør kven som helst)

2. Du stønner når du sette deg (Ok, er ikkje heilt er enda, heldigvis)

3. Du meinar det er alt for lite disiplin på skulen (Ehm, ja! Huks, skular i Ålesund slepp tentamen pågrunn av Justin Bieber konsert, eg bare sei det crazy! Hadde aldri skjedd i mine daga du!)

4. Du prioritera middag foran drikking (Ikkje heilt der enda, det kjem vel heilt ann på middagen og kven du skal dele den med)

5. Du eige fleire ting enn du har plass (Om dette var det einaste punktet så hadde eg vel vore vaksen når eg va 10 år)

6. Du legge på deg meir enn du et (Forbrenninga mi funka strålande!)

7. VG-lista bryr du deg ikkje om (Eg ve sei at den VG-lista ikkje har vore poppis sidan tenåra)

8. Du bruker helgene til å slappe av (Den dagen vil jo aldri komme, når ein har fått barn så får ein jo ikkje slappe av)

9. Du ser ikkje forskjell på kids (Heilt umuleg, fra 18-30 er det vanskelig å sjå forskjell uansett!)

10. Du betalar rekninga (Det der kan ein anklage dagens bankar for, ein byrja jo å betale rekningar i ungdomskulen, eller vidaregåande)

Vel av alle desse punkta er eg enige med 3. Ergo eg kan umuleg vere vaksen. Vel på ein måte er eg letta. Eg har forsatt tid til å finne ut av kva eg vil bli.

Men eg synast at dette er verkeleg eit av dei store spørsmåla i livet. Spørsmålet er faktisk så stort at ein kan ha blitt møkk lei av det, lenge før ein kjem så langt at ein skal prøve å finne svaret på det. Her er 3 retningslinjer for kva for ei utdanning, og kva for eit arbeid du bør velje:

1. Du må like arbeidet ditt.
2. Du bør kunne meistre arbeidet ditt.
3. Du må kunne tjene pengar på arbeidet ditt.

«For å tjene pengar på arbeidet, må du kunne meistre det, og for å kunne meistre det, bør du like det.Og du klarer nok ikkje å like det dersom du ikkje meistrar det og ikkje tener pengar på det.» Ola H. Hegdal»

Så derfor fant eg ut, skriv ei liste på kva eg likar:

1.Fotografi

2. Skriving

3. Natur

4. Spenning

5. Film

6.Reising

Det virkar som at eg fortsatt vil bli noko innan journalistikken. Men, eit stort men. Eg kan ikkje skrive! Dette har eg høyrt i alle år! Og det er vanskeleg å komme seg ein plass med det. Ein må bare prøve, aldri gje opp. Flaks at eg tok ein bachelor i media. Det burde jo hjelpe litt. Spørsmålet då er om ein burde søkje master. Kanskje det vil hjelpe på utdanninga. Men kvar skal ein søkje master? UIB? UIO? Kanskje i det store utland. Nei eg får bruke tida til å finne ut av kva eg vil.

Det eg vil er å kombinere alle punkta, det er drømmejobben. Noken som har forslag på kva det er? Kanskje eg burde strate mitt eige firma. Det er kanskje det lettaste.

Per dags dato er eg ikkje der eg burde vere. Eg arbeidar ein plass der eg ikkje har utdanning. Men ein ledar stilling er bedre enn ingenting? Kanskje ge bare er feig som ikkje tørr å hoppe i nye farevann? Det kan så vere, har jobba meg oppover der i 6 år. Så det er kanskje bra det i seg sjølv å klare det. Det man kan seie er at eg trivast der, eg digga det. Det er som å vere Peter Pan. Ikkje bli vaksen, så lenge eg arbeidar  der så blir eg ikkje vaksen, dette er eit faktum, eg har insett det.

Tilbake til spørsmålet, kva skal eg bli når eg blir stor? Eg har ingen annelse. Eg leitar fortsatt etter svaret. Studuim.no har faktisk laga ein test:  http://www.studentum.no/EducationTest/Start/8

Vel det sa meg egentli bare det samme som eg visste:

Informasjon, media, fotografi, film, fjernsyn, radio og journalistikk

«Området er stort, og du må finne din egen nisje. Det finnes både praktiske og teoretiske utdanninger å velge mellom. Du må ha et kritisk blikk og analytiske evner siden struktur og regler i mediabransjen endres raskt. Det er viktig at kunnskapene dine er oppdatert.»

Det var ein bra test. Eg får og opp kvar ein kan søkje på skule og utdanningar. Det gjer det og tips på kva du burde gjer. Meget bra. Så, just do it. Ikkje bare sitt her, eg veit jo kva eg burde, så kva stoppar meg?

 

Tv – rett og slett

Flott! Fått ein ny tv. Og ikkje kva slags helst tv, ein samsung ES8005, det er vist 3D. Og ikkje nokk med det er det ein 55 tomma. OMG, den e drit stor.

Det er så vidt eg klarar å sjå på tven. Tven er for stor rett og slett. Det har oppstått mange nye problem som eg ikkje er vandt til. For det fyrste, eg må finne nye stillingar. For sofaen dekker 1/3 av tven no. Kva må til her? Sitte på puter kanskje?  For eit dilemma. For det andre er eg nødt å begynne med å bruke briller kvar gang eg ser på tv. Ugg. Dette fordi eg er langsynt. Tven står 2 meter fra meg sr jo ikkje noke. For det tredje, tven er ein smart tv. Du kan jo bruke den til alt, og då meina eg alt. Internett, film, spel og fitness. Tven vil at du skal trene med den. Heilt sjuke tilstandar for tida.  Tven har til og med kamera, og for at ein kan bruke den så har den ansiktsgjennkjenning om ein vil gjere nokre forandringar. Itilegg så fekk vi med oss ein tab. Og ja ein tab som er da enda eit leikebrett. Og fra av å ha 5 kontrollar så har vi 1 som kan kontrollere alle. Vanvittig kult? Men trenge eg kontrollen? Nei egentlig ikkje, for eg kan bruke kroppsspråket og vise til tven kva eg vil.

Seier eg «slå på tv», så gjer den faktisk det. Heilt utruleg, eg kan fortsatt hukse mormor sin tv som ho hadde. Det var ein ordentlig kassetv.

Sjekk forskjellen

Dagens tv og 1970 talets tv.

6599-samsung-es80051970s

 

Ja det er dagsproblem det. Planen er å flytte tven til andre sida. Og det i seg sjølv er jo eit prosjekt. Då må ein jo ommøblere heile stova. Kvifor skal eit produkt forandre heile livet?

Vanskelig å finne info!

Vel koffor skal det vere så vanskelig å finne info til ei oppgave!Vel eg antar det er slik det skal vere men akkurat no virkar det å skrive ei oppgåve håplaust! ugg! Ikkje noke kjekt, heldigvis er det enda ei stund til eg skal levere inn denne oppgåva! fjuu! flaks der ja at eg begynte relativt tidleg. Men sann er det vel når ein går på universitetet det skal vere litt stress:P

Chatroulette

Chatroulette  er ei internettside som baserar seg på webkamera-chat med Adobe Flash. Konseptet er at brukerane blir direkta kopla saman med ein annan tilfeldig brukar som og benyttar seg av programmet. Ein an når som helst velge å forlate den videobaserte samtalen og starte ein ny samtale med ein tilfeldig person. Å bli hekta av ein samtale vert omtala som å bli «nexted» . Altså ein går vidare til ein annan interessan person. Chatroulette vart starta i november 2009 av ein 17 år gamal student frå Moskva Andreij Ternovskij. Chatroulettes popularitet auka etter at det i februar 2010 vart omtala i fleire aviser og tv-program.
Her kan du logge på sida:

http://www.chatroulette.com/

Men om du trur at Chatroulette er anonymt så tar du feil. Den nye nettsida chatroulettemap.com avslørar no brukara på denne tjenesta. Skummelt ja! Ved hjelp av Google Maps avsløras private videosamtalar med oppdaterte stillbileter og nøyaktige gateadresser. Antagelegvis er det personar med GPS, PCen eller laptopen som avslørar seg sjølv utan å kanskje vite det. Det er ingen innstillingar på Chatroulette.com som lar brukare bruke GPS-maskinvare eller programvare. Med andre ord er det truleg brukaranes nettlesar som vidaresendar geo-informasjonen. (http://www.itavisen.no/837710/nettside-avslorer-chatroulette-brukere)

Så men for noken som ikkje har spelt dette før, ergo ein person som meg sjølv. Kva er egentleg Chatroulette. Eg fant ein artikkel på dagbladet (http://www.dagbladet.no/2010/02/16/kultur/tekno/data_og_teknologi/sosiale_medier/10423259/) der ein får kanskje eit litt betre innblikk i dette! Chatroulette var vinterens store snakkis på nettfronten. Det ein treng er eit webkamera og ei datamaskin som er kopla på nettet. Du går på chatroulette.com, trykkje ok, og plutseleg so får ein sjå videobilete av ein annan, anonym Chatroulettebrukara spretta opp på skjermen din. Kommunikasjonen an forsette i form av levande bilder og ein samtale med lyd eller skrevne meldingar, men som regel går det berre eit par sekundar før ein av dokke klikka på «next», eller neste på norsk, og møter eit nytt, fremmed ansikt på skjermen. Men det er ikkje alltid ein får det ein forventar seg, noken gonger kan ein få nokon i eit mørkt rom og ein kan vel spekulere kva den personen gjer på. Mogleiken er absolutt til stades for at ein vil sjå ting ein ikkje treng å sjå som er galt ved det sosiale nettet. Kan ein sjå dette som frigjering på internett eller idioti? Kanskje ein kan sjå dette som ein ny modell for sosial kommunikasjon med ukjente folk på nett som vil spre seg langt utanfor det kuriøse og smålugunre? Men klart Chatroulette kan vere sjarmerande, humor, det kan vere fyllerør, utrykk for menneskeleg kreativitet eller dte kan rett og slett vere eit heilt vanleg kontaktsøkjande menneskje. Men er dette noko anna enn MIRC, Chat.no og dei andre nettstadane? Vel det er kanskje ein litt meir avansert chat der ein kan sjå folk med ein gang. Men er det slik framtida kjem til å sjå? At ein kan berre gå innpå nettet og ein treng nesten ikkje å møtast live for å finne ut om ein likar ein person, få seg venna ein ikkje egentleg treng å møte live. For meg virkar det nesten litt falskt, at ein egentleg er like einsam sjølv om ein brukar ei datamaskin. Hadde det ikkje vore betre om ein møtest ansikt til ansikt? Slik som det er lagt fram i bloggen til Vegard i Anonymitet og seriøsitet (http://vegardikult110.wordpress.com/) er anynomitet ganske viktig. Av og til kan det vere greit å ikkje legge heile livet sitt på nett, då veit jo alle alt, kanskje ikkje like kult i seinare tid.

 

 

 

 

 

 

Mitt prosjekt Freia

Eg har laga ei side på Facebook om Freia sjokolade. Eg valgte dette pågrunn av eg syns det var enklast å velge eit produkt og fekk litt inspirasjon av Friele- forelesninga.  Sidan eg elska sjokolade og det ikkje er blitt laga ei fanside på Facebook synast eg det var på tide å promontere Freia litt. Det eg ville var at sida skulle sjå proff ut som om eg var ein person som kanskje jobba for Freia sjokolade. Legge ut nyheter, prøve å få igang diskusjonar, legge ut oppskrifter på freia produkt osv.

Det eg byrja med var å invitere mest muleg vennar og få dei til å like sida mi. Og i dag så har eg fått 93 personar til å like sida, men målet er å få alle som likar Freia sjokolade til å like denne sida, så kan ein få informasjon fra Freia, ein kan ta direkte kontakt med Freia om det er noko ein lurer på, som ikkje er så formelle. Ellers så får ein informasjon om andre Freia produkt ikkje berre sjokolade, men sjølvsagt er det mest om hovudproduktet sjokolade.

Klart er det ganske vanskeleg å verve folk til å like sida mi, sidan dei eg kan velge mellom er vennane mine, og håpet på at dei verva fleire venna til å like den. Men om eg skulle ha gjort det proft hadde nokk vurdert å marknadsføre sida med ei annonse, men det kostar pengar noke eg sjølvsagt ikkje kan gjere den dag i dag. Om eg skulle ha fortsatt med denne sida, hadde eg lagt ut fleire bilder, tatt noken bileter sjølv, det har eg ikkje fort gjort no. Men og funne meir informasjon, prøvd å lage fleire diskusjonar og prøvd å engasjere fleire.  I tilegg hadde eg villa lage fleire ting for Freia enn berre ei Facebook side, eg ville nokk oppretta ein Twitterkonto, kanskje laga video av Freia og lagt ut på youtube, blogga om Freia osv. Alt dette for å å reklamere mest muleg, få det fram til folk. Nesten alle likar jo sjokolade.

Det som er ganske morsomt med å lage denne sida er at det er ganske enkelt å lage ei side for noke, og ein kan nesten skrive kva som helst. Vel nesten no har eg ikkje skreve noke negativt om Freia akkurat og det er kanskje derfor eg ikkje har fått noke klager, men kor langt kan ein egentleg gå? Sidan det er eg som privatperson som har laga denne sida? Vel så langt så bra, det er jo faktisk eg som gjer Freia ei tjenesete sidan dei ikkje har klart å laga ei Freia side på Facebook enda. Dei har laga Freia spelet (http://www.freia.no/2010/).  Eg har ikkje prøvd dette sjølv men det virka å vere ei ganske barnevennleg side, oppbygd som eit eventyr.

Det er faktisk ikkje så veldig masse reklame for Freia på nett, når eg skal søke og finne informasjon må eg nesten sjå på reklamene eg får i posten eller reklame på tv for å vete ting, for nettsidene deiras er ikkje dei beste.

Morsomme flauser i sosiale medier!

Kan ein få nokk av flauser! Aldri! Her fant eg ei flause som eg fant på sida til Brunettemas (http://brunettemas.blogspot.com/2009/08/facebook-flause.html). Her er det ei dame som heite Tracy som gjekk på ein liten smell da ho skulle egentli skrive ein melding og ikkje poste det på sida si:

Lite flaut eller ka? Trur ho har lært leksa si til neste gang ho skal skrive noke privat!

Her er ein link om ka Facebook er for av somegreybloke. Sjekk denne ut! Ganske vittig!(http://www.youtube.com/watch?v=kFKHaFJzUb4)

Her er og ei side som heiter Oh crap. My parents joined Facebook. Her står det mange eksemplar og grunnar kvifor ein ikkje bør adde mamma og pappa på Facebook! Eller kanskje omvendt!

(http://myparentsjoinedfacebook.com/page/1)

Lure sjefen når ein  er venn på Facebook er aldri ein god ide. Eller det å skrive noke dumt er ikkje det smartaste ein gjer, sjekk på denne:

Men ja ein kan finne masse av slike ting innpå nettet og dette er berre noken av dei. Pondus. no har noke meiningar om 5 ting ein ikkje burde skrive på Facebook

1. Kor glad du e i kjæresten din!

2. Drittslenging

3. Kjæledyret har daua

4. All form for uanstendig og privat informasjon

5.  Eg kjeda meg

Men dette er kanskje sett fra eit mannleg perspektiv, kanskje om ei dame hadde skreve det hadde det stått noke anna. Det veit ein jo ikkje. Men er det slik at ein må ha interessane statusa eller dumme seg ut for å vere interessan nokk?

Fotballgalskap

 

Søndag 3 Oktober spelte fotballlaget Start mot Tromsø i Kristiandsand. Kampen enda 1-1, og kampen var noke diskutert i forhold til om Start sin spelar Ole Martin Årst  skulle hatt straffespark istaden for å bli avblåst for hands duell mot Tromsø Saliou Ciss. Dette likte ein av Start ledarane dårleg, og etter kampen skreiv han dette på Facebook profilen sin:
«Denne Tandori dommeren må virkelig finne seg et annet yrke….. FINN PÅ NOE ANNET OG GNI KRYDDERET UT AV ØYNENE».¨

Leder for Antirasistisk Senter syns dette var usportsleg av han.
Utsagnet er rasistisk. Paulsen kommenterer dommerens etnisitet på en nedsettende måte. En ansvarlig person bør holde seg for god til å komme med slike ytringer, seier Kari Helene Partapuoli til VG Nett. Klart dette er ikkje smart av ein som er ledar av eit fotballlag som er i tippeligaen, da bør ein ha meiningane sine for seg sjølv og ikkje komme med slike utsagn på Facebook av alle plassa
Jan Erik Skretteberg i SOS Rasisme er enig.
Utsagnet er basert på Edvartsens utseende, og det er et negativt kallenavn basert på hans bakgrunn. Det var uklokt av Start-lederen å skrive dette, sier Skretteberg til VG Nett. Her igjen ser vi at fleire ikkje likar utsagnet til Start ledaren! Men det er ikkje så merkeleg egentleg!

Edvartsen sjølv seier til  Fædrelandsvennen at han  ikkje synas noko særleg om karakteristikkane frå Start leieren!          – Jeg synes den uttalelsen taler for seg selv både med tanke på menneskesyn og sportsånd og ser ingen grunn til å senke meg til et slikt nivå for å kommentere den, seier Edvartsen til fvn.no.

Etter det eg kan lese fra VG sin reportasje er at Start sin administrerande direktør Sveinung Hovstad tar sterkt avstand fråPaulsen sin ordbruk i Facebook.                                                                                                                                                                          – Han skrev meldingen i affekt, på sin private Facebook-side. Så dette er ikke Starts syn, seier Hovstad. Det hadde vore ein heilt annan sak om det var fleire som meinte det same og skreiv på Facebooken sin slik som han. Men det var berre ein enkelt person. Alikavel skal ein voksen mann klare å beherske seg og ikkje oppføre seg som ein liten unge.

Omforlatelse!

Paulsen benekta for at utsagnet var rasistisk meint, og seiar at han var sint og fortvila over tapet av 2 viktige poeng!  Yeah right, greit nokk at han seier dette i ettertid. Men, han burde tenke over ka han seier i Facebooken sin i ettertid. 

Jeg var nok litt korttenkt etter å ha vært frustrert etter kampen, sier Paulsen til fvn.no.